Rødven, Møre og Romsdal
Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1907.
Særprega stavkyrkje – utvendig og innvendig. Kyrkja, slik den står i dag, har bygningsdelar frå fleire periodar. Opphavleg var stavkyrkja ei enkel langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare kor. Restane av sørportalen på kyrkja, med fletta stenglar som ender i bladfaldar, er eineståande mellom dei stavkyrkjeportalane som er bevarte, og kan truleg daterast til første halvdel av 1100-talet eller siste del av 1000-talet. Denne portalen og eit lite parti veggplankar i vestveggen er truleg brukt opp att frå ei tidlegare kyrkje på staden, bygd kring 1100. På midten av 1200-talet blei kyrkja mykje bygd om. Nordportalen, delar av korskiljeveggen og størstedelen av veggplankane er frå denne fasen. Kring 1594 gjekk kyrkja gjennom nye, store endringar. Skipet fekk sin noverande form, med nye sviller og stavlegjer, nye hjørne- og mellomstavar i veggane og einskilde nye veggplankar. Nokre tiår seinare, truleg i perioden 1608-1624, blei det gamle koret òg erstatta av eit nytt kor, som er like breitt som skipet. Koret blei framleis bygd i stavteknikk, men med firkanta hjørnestavar og trekk frå renessansestilen. Seinare blei kyrkja utbetra i fleire omgangar, mellom anna etter uvêr i 1689. Kanskje var det tidlegare ein svalgang rundt kyrkja som blei riven kring tida då koret blei ombygd. Eit våpenhus kom òg til. Utvendig er kyrkja dekt med liggjande kledning, og dette er nemnt i kyrkjerekneskapane frå midten av 1600-talet. Interiøret har måla dekorasjonar frå 1600- og 1700-talet. Mot nord heng ein triumfkross datert 1250–75 med den krossfeste i lekamsstorleik som er eitt av dei fremste eksemplara i tidleg gotisk stil i landet.
Opplevingar i området: I Romsdalen finn du store attraksjonar som NSB Raumabanen, Nasjonal Turistveg Trollstigen, Trollveggen og Romsdalseggen. Rødven stavkyrkje ligg 34 km frå Åndalsnes. Norsk tindesenter i Åndalsnes er eit opplevingssenter med hovudfokus på norsk tindehistorie og bratt friluftsliv. Romsdalen byr på rike moglegheiter for aktivitetsferie. Ei luftig og spektakulær oppleving er Romsdalsstigen Via Ferrata som består av to eventyrlege klatreløyper, Introveggen og Vestveggen. Visitnorway.no
Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994 / Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
Åpningstider
- Sesong 2026: 20.06 - 16.08
- Åpningstider 2026: 11-16 alle dager
- For besøk utenom åpningstid og leie av kirka: se kontaktinformasjon
- Mulighet for åpning utenom sesong med egne priser.
Priser
- 2026: Voksen: 100,- Grupper (min 15 pers) 90,- Barn (under 16): Gratis
Besøk oss
Stavkyrkjevegen 526350 Eidsbygda
Kontakt oss
- Epost: rodven.stavkirke@gmail.com
- Tlf: 916 46 969