Kor og korleis søke støtte til restaurering av kulturminne?

Publisert 06.09.2024

Torsdag 17. oktober kan du lære om kor og korleis du kan søke om støtte til restaurering, og få gode råd på vegen.

Har du eit gamalt hus som treng omsorg? Er du usikker på kva du skal gjera, og er du nysgjerrig på kva støtteordningar som finst? Me har gleda av å invitere til informasjonskveld for huseigarar, handverkarar og andre med interesse for bygningsvern. Her kan du lære om kor og korleis du kan søke om støtte til restaurering, og få gode råd på vegen.

Instruktørar og progam

16:30 - 17:00 Velkomst og registrering

17:00 - 17:30 Kva kan Fortidsminneforeininga bidra med? 17:30 - 18:00 Kva kan Ryfylke bygningsvernsenter bidra med? 18:00 - 18:30 Støtteordningar frå Rogaland fylkeskommune 18:30 - 19:00 SMIL-midlar v/Statsforvaltaren i Rogaland

19:00 - 19:15 Beinstrekk, noko å bite i

19:15 - 19:45 Støtteordningar frå Kulturminnefondet, søknadskriterie 19:45 - 20:00 Tips og triks, gode døme på restaurering, typiske feil

Tid og stad

Otto-huset, Finnøy

Torsdag 17. oktober kl. 16:30 - 20:00

Påmelding og spørsmål

Påmelding innan 13. oktober til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post eller tlf. 40 18 36 02