Jordeskiftesak i 1293 med tungt etterspel i 1303.

Publisert 30.01.2024

Velkomne til ein interessant kveld i Finnesloftet tysdag 17.september kl 20:00-22:00

Me inviterer til eit ordskifte rundt ei odelssak i 1293 om eigedomen Byrkjo på Voss.

 

Tema: Kva innverknad hadde Landslova på lokale rettsaker på Voss i mellomalderen? Kva kan tekstane i Mellomalderbrev frå Vossebygdene fortelja oss om rettslivet og dagleglivet på Voss?

I kveld set me søkjeljos på ei odelssak i 1293 om jord på Byrkjo på Voss, med omfattande etterspel i 1303.

 

 Medverkande: Jusprofessor v UiO Jørn Øyrehagen Sunde, professor emeritus i nordisk språkvitskap v UiB Gunnstein Akselberg, historieinteressert bonde Knut K. Finne  

 

 Program:

Vel møtt og introduksjon til saka ved Knut K. Finne

Føredrag og innleiing til samtale ved Jørn Øyrehagen Sunde

Kort pause

Samtale og drøfting av rettsaka frå ulike faglege og historiske synsvinklar. Høve til spørsmål og kommentarar frå publikum

Billetttar /vipps i døra kr 150-

 

Einar Pinnung heitte ein mann for lenge sidan. Han forvalta eigedom og eigde ei tid land på Dyrvedalen på Voss.  Jorda hans låg i det fruktbare dyrkingsbeltet på garden Byrkjo på nordsida av Vangsvatnet og talde 11 månadsmatabol 1  etter gjeldande takst i året 1293.

Men Einar skulle ikkje få ha jorda si i fred.  Brørne Odd og Hollrod,  søner av den mykje akta Halle Bonde på Rogne, sette i 1293 fram krav om at jorda på Byrkjo var deira rettmessige odel. Odd, med sete på ættegarden Rogne, og broren Hollrod på Ringheim, var innflytelsesrike menn og drevne aktørar i det store spelet om dyrkingsjorda på Voss.  Hallesønene var vel vitande om at ætta i tidlegare tider hadde eigd og rådd med desse 11 mmb på Byrkjo.  Det var tid å ta det tapte attende.

Prosessen starta som «jordskiftesak» med partsforklaringar på Aga hjå Sigurd lagmann i februar 1293.  Ti år seinare fekk dommen eit omfattande etterspel på Voss og i Bergen med med kjøpte, falske vitneutsagn og store rettslege forviklingar. Rettsprosessen er omtala i 9 diplom og involverer meir enn 30 personar. Peter Bonde, kjend for å ha oppført Finnesloftet på Voss i 1295, var ein av aktørane som hadde ein sentral rolle i saka som vart handsama under Landslova.  Finnesloftet (og Agatunet) er difor den naturlege staden å samlast når ekspertane på mellomalderrett skal gå i djupna i denne omfattande rettsprosessen.

Frå august vert det ei utstilling  i Voss bibliotek av forstørra fotokopiar av dei aktuelle rettsdokumenta. Desse vert også utgangspunkt for eit undervisningsopplegg for born og unge om livet på Voss på 1300-talet.

Dei originale saksdokumenta

Ettersom me opnar opp for samtale og spørsmål frå salen, er det fint om publikum på førehand kan gjera seg  kjent med dei originale saksdokumenta. Her kan du laste ned ein introduksjon til saka med alle originaldokument frå mellomalderen presentert kronologisk og omsett til nynorsk.

LAST NED: Jordeskiftesak i 1293 med tungt etterspel i 1303

LAST NED: Program landslovjubileet, Voss lokallag