Endeleg! 53 millionar kroner til Urnes verdsarvsenter

Publisert 01.10.2024

- Det er utruleg viktig for lokalsamfunnet på Ornes at det arbeidet som har vorte gjort gir resultat, seier styreleiar Trude Knutzen Knagenhjelm i Fortidsminneforeininga.

En gledens dag! Regjeringa set av totalt 53 millionar kroner til besøkssenter ved Urnes stavkyrkje i Luster, melder NRK Vestland.

– Besøkssenteret er viktig for det er svært mange turistar som kjem kvart år for å sjå kulturlandskapet, og ikkje minst stavkyrkja, seier kommunalminister Erling Sande.

Sande var på plass på Ornes for presentere nyheten fra regjeringen sammen med styreleder i Fortidsminneforeningen Trude Knutzen Knagenhjelm og generalsekretær Ola H. Fjeldheim. 

- Dette er heilt fantastisk og utruleg motiverande at me har fått staten med på laget på finansieringa av besøkssenteret. Det er utruleg viktig for lokalsamfunnet på Ornes at det arbeidet som har vorte gjort gir resultat. No handlar det om å komma i gang med det som er jobben, seier ein stolt styreleiar Trude Knutzen Knagenhjelm.

Høvet vart feira med blautkake og ein presentasjon av den fire meter høge rekonstruerte Urnesportalen som vart avduka førre veke.

- Eg er veldig glad på vegner av kyrkja, lokalbefolkning og Fortidsminneforeininga, seier generalsekretær Ola H. Fjeldheim.

Eit verdsarvsenter for stavkyrkja frå rundt 1130 har vore ein draum lenge. Med den statlege autorisasjonen på plass i 2019 kom det ein endeleg realitet inn i prosjektet - nøyaktig 40 år etter at Urnes stavkyrkje vart skrive inn på verdsarvlista i 1979. Hausten 2021 vart det kunngjort arkitektkonkurranse og det er jobba vidare med det overordna konseptet «Verda inn på tunet» som mellom anna omfattar kulturlandskapet «Urnehagen» og utstillinga «Tre og tru gjennom tusen år».

Slik blir det nye besøkssenteret

Vinnarane av arkitektkonkurransen vart offentleggjort i mars 2022 og avgjerda til juryen var einstemmig: «Urneskilen», teikna av Lipinski Arkitekter/A.C.B./ Tobias Laukenmann. 

Fortidsminneforeininga har sidan arbeidd med å vidareutvikla planane for bygget og området, i tett dialog med lokalbefolkninga. Med bidraget til staten på plass kan det no bli ny giv i arbeidet. Verdsarvsenteret som skal byggjast i den vesle bygda Ornes med rundt 35 fastbuande er berekna til å kosta 100 millionar kroner.

Les meir om det kommande verdsarvsenteret her